|
|
|
– Distrikta treng motmakt
mot Oslo-dominans
 Bygdelivsmeklar Elisabeth Lid, VTNF-styreleiar Gunnar Eilefstjønn og FoU-leiar ved AiR, Toril Dale (t.h.), var vesttelane som gav kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete gode råd for å få til vekst og utvikling i både regionen og i heile Telemark. (Foto: Bjart Schieldrop)
|
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner distrikta har ein jobb å gjere med omsyn til omdømebygging og myteknusing. Tysdag fekk ho innspel frå mellom anna representantar frå Vest-Telemark. Bjart Schieldrop bjart.schieldrop@vtb.no På eit møte i Bø hadde Liv Signe Navarsete tromma saman eit panel ressurspersonar for å få innspel og tankar om korleis ein kan få ei balansert regional utvikling med attraktive lokalsamfunn. Ho gav uttrykk for at det ikkje nødvendigvis er i dei store ordskifta i Oslo at det kjem fram nye tankar. Motmakt er ein møteserie statsråden har gjennomført over heile Noreg.
– Eg er oppteken av ein politikk som skapar ein regional balanse og korleis ein kan få spreiing av kompetansearbeidsplassar. Eit viktig spørsmål er også kva som skal til for å få meir vekst i Telemark. Me kan ikkje ha ei utvikling der stadig meir makt og kompetanse klumpar seg saman i og rundt Oslo. Difor må me få til regionale miljø med vitale byar og bygder. Kort sagt byggje heile landet, sa kommunal- og regionalministeren innleiingsvis.
I dag går det føre seg ei sentralisering mot byane, også utanom dei største byane Oslo, Bergen og Stavanger. Navarsete var overtydd om dette utviklingstrekket ville halde fram om ein ikkje set inn politiske tiltak.
Kommunalt samarbeid
– Det er viktig at kommunane i regionane spelar på lag. Kommunane må samarbeide og saman skape gode fagmiljø for å sikre seg den mest kompetente arbeidskrafta. Nøkkelen til vekst og framgang i distrikta er samarbeid. Regionalt må ein verte samde om strategien og prioriteringane, og kommunane må vere romslege med kvarandre. Ved å kome fram til ei arbeidsdeling kan det byggjast miljø som vert robuste nok. Det er ein viktig bodskap frå meg, sa ministeren.
Gunnar Eilefstjønn, styreleiar i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF) fylgde opp uttala frå Navarsete. Han meinte det er eit stort politiske ansvar å finne løysingar som får Vest-Telemark til å fungere som ein felles arbeidsmarknadsregion.
– Ein må vere romsleg, også med omsyn til sentrumsdanningar i Vest-Telemark, og det hastar å finne ei løysing her om me ikkje alle skal ende opp som museumsstyrarar, hevda Eilefstjønn.
I skugganes dal
Eilefstjønn karakteriserte Telemark inkludert Grenland, som distriktsnoreg i skugganes dal. Han minna om at «Victoria» si tid på kanalen er over, og at ei god utvikling er avhengig av ein moderne infrastruktur. Elles tok han til orde for at til dømes utbygging av vegane ikkje vert sett på som ein driftskostnad med årlege løyvingar frå år til år i statsbudsjettet, men som ei investering. Den tidlegare banksjefen hevda satsing på ein god infrastruktur ville gje høgare avkasting enn oljefondet og med ein god miljøgevinst på kjøpet.
– Vegane i dag er forfall, forfall og forfall. Dei årlege løyvingane dekkjer ikkje ein gong nødvendig vedlikehald, påpeikte Eilefstjønn.
Kommunestrukturen
I innlegget sitt var Eilefstjønn også innom dagens kommunestruktur som han meinte ikkje måtte vere ei heilag ku. Samanslåing av dei fire kommunane i Grenland såg han på som fyrste skritt for å få det han kalla ein lageleg struktur.
– Ein storkommune i Grenland gjev større effekt for utviklinga i Telemark enn å slå saman småkommunane i Vest-Telemark, sjølv om eg er for det også. Grenland må verte motoren for Telemark. Det vil vere positivt for utviklinga og for bygdene i Vest-Telemark. Det hastar å gjere desse grepa, meinte Gunnar Eilefstjønn.
Han var også innom det offentlege verkemiddelapparatet og Innovasjon Noreg. Eilefstjønn ynskte større lokale fullmakter. Disktriktsdemokratiet ville VTNF-styreleiaren ha vitalisert, og han hadde ikkje noko i mot at dagens fylkeskommune vart rasert og Fylkesmannen nedlagt.
Verdiskapinga
Redaktør Ove Mellingen i TA kritiserte at det er ein liten klikk i Oslo som set dagsorden for det daglige politiske ordskiftet.
– Det politiske ordskiftet i Noreg er fattig og prega av nærsyn og Oslo-briller. Verdiforvalting er det som interesserer folk i hovudstaden, og ikkje verdiskaping. Den skjer nemleg i distrikta. Dersom ikkje distrikta hadde sytt for verdiskapinga, hadde ikkje folka i Oslo hatt noko å leve av, meinte TA-redaktøren.
FoU-leiar Toril Dale ved Attføringssenteret i Rauland (AiR) nytta omgrepet serkraft for å illustrere korleis ein ved AiR har bygt opp nasjonalt kompetansesenter for yrkesretta rehabilitering.
– Me har lukkast med å rekruttere spisskompetanse og fagfolk med både doktorgrad og mastergrad ved å skape gode arbeidstilhøve og spele på at me er unike. Ut frå vår serkraft har me trekt til oss både personar og kompetanse, nemnde Toril Dale.
Bygdelivsmeklar Elisabeth Lid presenterte prøvebustadsprosjektet i Vest-Telemark for kommunal- og regionalministeren.
– Prøvebustadane skal verte ei merkevare for Vest-Telemark som vil vere med på å skape attraktivitet for å få fleire tilflyttarar til regionen, fortalde Lid.
– Flott med direkte line til ministeren
Regionordførar i Vest-Telemark, ordførar Anne-Nora Oma Dahle i Nissedal, meiner motmaktmøtet i Bø syner at ministeren tar distrikta på alvor.
– Det positive med dette møtet er at initiativet kjem frå Liv Signe Navarsete sjølv. Eg synest det er flott at me her i Telemark kan ha ei slik direkte line til kommunal- og regionalministeren, fortel Oma Dahle.
I fylgje regionordføraren tek Navarsete distrikta på alvor med motmaktmøteserien og dei utfordringane som må løysast.
– No må me få til nytenking både i Vest-Telemark og i heile Telemark, seier Anne-Nora Oma Dahle i ein kommentar til VTB.
I Bø nytta ho også høve til å drøfte regionale prioriteringar og trongen for brei semje med ordførar Arne Storhaug i Bø. Og dei to ordførarane var samde om samarbeidet mellom kommunar og regionar som statsråden inviterte til.
– Mangel på samhandling har i altfor lang tid vore det store problemet i Telemark, seier Arne Storhaug.
– Inga lysteleg utvikling
Helge Rød frå Agderforsking sa at folketalsutviklinga ikkje er lysteleg i Telemark. Mest urovekkjande er dei låge fødselstala.
Forskaren peikte på at i 2009 er auken i folketalet i Telemark berre eintredjedel av veksten i heile landet. Rød såg fødselstala som mest urovekkjande.
– Det er minus i Telemark, medan fødselstala aukar kraftig i Noreg. Årsaka er at Telemark vert forgubba. Det er inga lysteleg utvikling, understreka Rød.
Han meinte det skuldast at Grenland fell utanfor det han kalla Oslo-områdets sterke utviklingsdynamikk. Tradisjonell industri som det Norsk Hydro representerte er borte utan at det har kome opp noko nytt.
– Telemark treng meir regional politikk for å løfte seg, meinte forskaren frå Kristiansand.
I ein kommentar seier forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking at den vesle folketalsauken i Telemark i 2009 skuldast utanlandsk innvandring. Utan denne innvandringa hadde det enda med folketalsnedgang i fylket.
– Netto flytta 251 personar ut frå Telemark i løpet av fjoråret, som isolert er ein nedgang i folketalet på 0,15 prosent. I 2009 var netto tilflytting 2.962 personar og netto fråflytting 3.213 personar. Fødselsunderskotet enda på 32, medan det samla sett ikkje har vore så høge fødselstal sidan 1970-åra. Innvandring frå utlandet sytte for ein lita folketalsauke i fjor. Kommunane i Vest-Telemark har lik utvikling som elles i fylket. Dei vart redde av innvandring frå utlandet, fortel Audun Thorstensen.
|