04/03-2010:
Eggen godt nøgd med Leirvik
Andreas Leirvik fekk sin landslagsdebut mot Nord-Irland på tysdag. Torsdag blei det revansje med 2-0-siger.

Fotballtalentet Leirvik, som spelar for Stabæk, blei nyleg tatt ut på G-17-landslaget i to kampar mot Nord-Irland. Den fyrste kampen på tysdag endte med tap 3-4. Landslagstrenar Knut Torbjørn Eggen var godt nøgd med debutanten frå Treungen, i fylgje fotball.no. I revansjekampen som Noreg vann 2-0 var forsvarsspelet solid, meiner Eggen. Leirvik kom inn som innbyttar dei 35 siste minutta.

LUKK