Det finnast tiltak kvar og ein kan gjera for å avgrense problema. *Ikkje legg ut mat til dyra *Det hjelper lite over tid å kaste vedkubbar og liknande etter dyra *Møter du elg – trekk deg roleg tilbake og la dyret få tid på seg til å trekke seg vekk. *Ver varsam med å gå på dyr og særleg dersom du har hund *Ver varsam med elgkyr med kalv – kom ikkje mellom kalven og kyra Elgen trekkjer ned i bustadfelt fordi her er mat. Kanskje kunne Vel –foreningar til våren taka ein ryddesjau i bustadfeltet. Taka bort unødig kratt selje, osp, rogn. Det er mykje god elgmat og ved. Kommunen vil nok ein gong oppmode jaktlag til hardare jakting rundt tettstadene i kommunen der dette er eit problem.