06/03-2010:
Ja og nei til byte av skule
Formannskapet i Nissedal har handsama to søknadar om byte av skulekrins.

Turine og Augon Kåsa på Vik mellom Fjone og Treungen har søkt om byte for dei to ungane før, og fått avslag. Systra til Turine fekk medhald av Fylkesmannen i fjor. Ekteparet søkte på nytt, av sosiale og pedagogiske grunnar, men formannskapet sa nei fordi då ville det bli for få elevar att. Det er å vente at Turine og Augon Kåsa klagar, og at saka kjem Fylkesmannen i hende. Ordførar Anna Nora Dahle,som sjølv er frå Fjone, var svært misnøgd med rådmannen og administrasjonen i innstillinga i Kåsa-saka, og etterlyste ei slik utgreiing som formannskapet hadde bedt om. Rådmannen fekk altså kritikk for at sakutgreiinga hadde enda med medhald for foreldra, av sosiale årsaker. I fjor flytta ei belgisk familie frå Fjone til Treungen, og dermed er elevtalet på Fjone i ferd med å bli om lag som på Felle, der det går 7 elevar. I ei anna sak fekk søkarane medhald. Foreldra er skilte, der den eine bur på Felle og den andre i Nissedal. Dermed blir det meir praktisk at 11-åringen og 1.klassingen går i Treungen, med annankvar veke hos kvar av foreldra. Dette sa formannskapet seg samd i. Biletet: Fjone skule.

LUKK